Pressemelding: Me slår oss saman med Heiane Bil! Fylkesnes Bil, 07, oktober 2026

Heiane Bil og Fylkesnes Bil har i fleire år vore del av den same bilgruppa, og frå 1. januar 2027 vert verksemdene slått saman. Med sju nybilmerke og eit breitt tenestetilbod samla på éin stad skal kundane få eit endå enklare bilhald, melder selskapet.

Frå starten av desember vil både Heiane Bil og Hyundaibutikken på Heiane flytta bort i dei nyoppussa lokala til Fylkesnes Bil. Den samla verksemda vil heita Fylkesnes Bil.

– Me gler oss veldig til at alt blir ferdig, seier økonomiansvarleg Jonas Engelsen Landro i Fylkesnes Bil og Kjetil Skulstad, dagleg leiar i Heiane Bil. – Nye lokale og ei samling av heile tilbodet vil bety ein ny kvardag for både tilsette og kundane våre, forklarer dei to.

Stort utval av bilar og tenester

– I tillegg til dei sju nybilmerka kjem merkeverkstad, Riis Bilglass, eige skade- og lakksenter, Mekonomen allmerkeverkstad, dekkhotell, dekksal og bilutleige, seier Landro.

– Det nye bygget vil husa Mercedes-Benz, Peugeot og Kia, som er eit nytt merke for oss, forklarer han, og i øvste etasje vert det dekkhotell. I våre eksisterande lokale vil ein finna Hyundai og bruktbilar i underetasjen, medan bilmerka frå Heiane Bil – BYD, Suzuki og Isuzu – blir å finna i etasjen over.

– Me har jobba lenge med dette, seier Landro. – Det er ein stor kabal som skal leggjast når så mange merke, tilbod og tilsette skal flyttast, men me trur me har funne ei god løysing, seier han.

Med nye bilmerke og tenester kjem også nye tilsette.

– Me har nyleg tilsett fire nye medarbeidarar: ein bilseljar og ein kundemottakar for Kia, ein kundemottakar for Hyundai og ein ny dekkhotellansvarleg, seier Landro.

Kjende andlet og same service

Skulstad gler seg til å flytta nokre hundre meter lenger sør på Heiane og har ei viktig melding til kundane sine.

– Kundane våre vil møta dei same kjende andleta, anten dei skal handla bilmerka me har hatt eller ha dei på verkstad. Me tek med oss alle tilsette og den kompetansen dei har bygd opp gjennom åra. Det skal framleis vera enkelt å koma innom, slå av ein prat og få hjelp av folk som kjenner både dei og bilen deira. Kundane treng ikkje gjera noko i samband med samanslåinga – dei får framleis hjelp til service, garanti, reklamasjonar og dekkhotell. Skilnaden er at me no får betre lokale og fleire tenester rundt oss, seier Skulstad.

Men det er enno ei stund til alt er klart.

– Fram til flyttinga i desember er Heiane Bil å finna i dei noverande lokala. Målet med samanslåinga er å byggja vidare på det kundane våre set pris på: kjende folk, god fagkunnskap og hjelp som er enkel å få, nær der dei bur, avsluttar dei to.

For meir informasjon angåande pressemeldinga, kontakt:

Jonas Engelsen Landro
Økonomiansvarleg, Fylkesnes Bil
T: 926 03 270
E-post: jonas.landro@fylkesnesbil.no

Kjetil Skulstad
Dagleg leiar, Heiane Bil
T: 917 64 311
E-post: kjetil.skulstad@heianebil.no